Aurom // O, svage sind - Lund kirke, 31. august
Folkesongtrioen Aurom gjer endelig konsert i Lund kirke!
31.august klokka 19.00
I denne konserten vil folkesongtrioen Aurom presentere musikk frå si nyaste plate O, svage sind som kom ut 24. mars i år.
– De tre stemmene klinger strålende sammen – og hver for seg. De har funnet frem til et kollektivt uttrykk som fascinerer. – Terningkast 5, Tor Hammerø, Nettavisen
– En usedvanlig deilig og spennende plate, fra tre utsøkte vokalister! – Jan Granlie, Salt Peanuts
Verket er skapt i samarbeid mellom vokaltrioen Aurom, komponist Agnes Ida Pettersen og forfattar Agnes Ravatn. Verket utforskar det skjulte og ville i oss sjølve, i møte med eigne krav og omverda sine rammer og rytmer. Eit innblikk i staden mellom det verkelege og det uverkelege. Der ein kjenner seg bunden og fastlåst, går inn i ein konflikt med seg sjølv. Der ein kjenner ei dragning, ei kraft ein ikkje kan kontrollere og som ein ikkje kan romme. Eit behov, ein tilstand som rokkar ved sinnet sitt djup og tankespinnet og forvirringa som opplevast ein stad mellom røynd og fantasi. Tematikk og inspirasjon spring ut frå tolkingar av bergtakingshistoriar og naturmytiske ballader.
Meir om Aurom: Aurom er ein utforskande folkesangtrio, beståande av Malin Alander, Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Guro Utne Salvesen. Trioen hentar tidlause songar frå tradisjonen, og skriv nye inspirert av dei gamle. Tre ulike stemmer med stort spenn og ein sjeldan samklang. Aurom har finne kvarandre i leikenheten, i kjærleiken til stemma si evne til å sei så mange ting, utan at ein treng ytre eit ord. Trioen platedebuterte med albumet «Utan å dirre» på Nye Nor (tidl. NORCD) 06. mai 2021.
Albumet hausta god kritikk og vart nominert i Åpen klasse på Folkelarmprisen 2021